Trandalrock
9.-10. JUNI 2023
TRANDALROCK, ein liten unik musikkfestival med rock i fokus!
Med Christian Gaard som samarbeidspartner og Trandal som perfekt festivalområde, ligg alt til rette for ein suksess.
Takka vere ALLE DOKKER som var med på å gjere Trandalrock 2017-2022 til fantastiske dagar/kveldar/netter, og dei utelukkande positive tilbakemeldingane frå dokker, er no TRANDALROCK klar for runde 5!
Fleire band frå nært og fjernt er ivrige og vil kome og vere med oss på Trandalrock 2023. I år, som tidlegare år, vil vi ha ein miks med dyktige artistar, "tighte" rockeband og rå musikk her i frå fjordane på Vestlandet, og fleire erfarne, energiske og spennande band utanfrå.
Vi opplever positive og engasjerte gjestar, band og støttespelarar. Det er fantastisk med så mykje goodwill blant tilreisande og folket i bygdene våre!
Vi gler oss til mange gode musikkopplevingar og god stemning!
Vi sjåast på TRANDALROCK!
Foto: Live Andrea Sulheim (Trandalrock 2022)