Artistar

Ovërhead

Med sitt energiske sceneshow, eit vanvittig lydbilde og ikkje minst likheita til orginalen, blir Ovërhead rekna som det beste Motörhead-tributebandet "ever", og det nærmaste du kjem Motörhead sjølv. Vokalisten med si utrulege "Lemmy"-stemme har fått mange til å ta feil av originalen og kopien. Du trur det ikkje før du høyrer det!

Ovërhead har etterkvart opparbeida seg nærast kultstatus blant Motörheadfans og rockefans generelt.

Bandet har turnert i Norge kvart år sidan 2007, og spelt inn to cdar, med sine Motörhead-favorittar, som har fått strålande kritikk. Ovërhead leverer varene sine live kvar gong!

https://www.facebook.com/overehad.a.tribute.to.motorhead/?fref=ts

https://www.youtube.com/watch?v=TFBXHtRAKBA

The Clinton Experience

The Clinton Experience (TCE) starta i 2008, har hatt noverande besetning sidan 2012, og leverer melodiøs, gitarbasert rock. Eigne låtar, speleglede, tøffe riff, store refreng og overraskande kombinasjonar i tett samspel har vorte kjennemerker for bandet. TCE sine mange ulike inspirasjonskjelder skapar grobotn for eit unikt lydbilde som fengjer eit breitt publikum.

https://www.facebook.com/theclintonexperience/?fref=ts

SUNNMØRE BAARELAG

Her er nokre "harde fakta" om Sunnmøre Baarelag:

- Starta i 1980 - helde på endå....

​ - Første singel "Blide Mannj/Ola Normal" i 1983

- Pionerane som skapte begrepet "SunnmørsRock"

- Mest spelte norskspråklege band på norsk radio i -87

- ​Har gitt ut plater i 4 tiår sidan 80-talet

- Debutplata "Kjekke Kara'" produsert av Åge Åleksandersen

- ​To siste platene miksa av Yngve Leidulv Sætre

- Hatt meir enn 2000 spelejobbar, og er klare for meir

www.baarelaget.no

https://play.spotify.com/search/sunnm%C3%B8re%20baarelag

My Descending Ark

Musikken My descending ark spelar kan beskrivast som alternativ rock med element frå forskjellige sjangrar. Frå det stille og skjøre, til det mørke og brutale. Bandet er også opptatt av å gi publikum noko meir enn ein vanleg rockekonsert. m.d.a. jobbar mykje med å bygge opp stemning og følelsar i musikken, og prøver å ta publikum med på ei reise under konsertane sine. Det er viktig for bandet å presentere ein «pakke» av høg kvalitet, som i tillegg har særpreg.

m.d.a er eit Volda-basert band som har spelt konsertar rundt i Norge i snart 5 år. Bandet har spelt inn to EP'ar som ligger ute til streaming, og held for tida på med innspeling av debut-plata, som vil bli utgitt på vinyl.

https://www.facebook.com/MyDescendingArk/?fref=ts

https://play.spotify.com/search/my%20descending%20ark

KolabruIse

KOLABRUISE skal ein ikkje nyte kvar dag. Difor tek vokalist Stig Amdam, gitarist Arnfinn Velle, bassist Håvard Krøvel-Velle og trommeslagar Geir Arne Ose seg god tid mellom slaga.

KOLABRUISE har mogna i over tjue år. I 2011 kom debut-EPen, BRUISE MACHINE. I 2013 var dei på ny i Ocean Sound Recording Studio og spelte inn ni låtar, både nytt og gammalt. Dette materiale er det plan om å gje ut i 2017.

KOLABRUISE spelar tung, semiprogressiv grønsjmetal, eller noko slikt. Dei følgjer aldri gjeldande trendar, men vert heller aldri utdatert.

http://www.kolabruise.com/

https://play.spotify.com/search/kolabruise

High Voltage

High Voltage er eit band frå Ørsta med medlemmar frå bla Stingray, Pinapple Express og Chasm, som spelar AC/DC-låtar frå tida med Bon Scott som vokalist. Bandet blei starta av Kåre Myklebust i 2003. Dei blei fort publikumsfavorittar på dei lokale scenene med eit forykande show og gjorde ei rekke konsertar lokalt og i landet ellers. Bandet var mest aktiv dei påfølgande åra, men har gjort sporadiske konsertar etter dette, bla. med Petter Baarli og Dan Thunderbird frå Backstreet Girls.

Likar du AC/DC er dette virkelig verdt å få med seg. Mange band har tolka AC/DC, men få kan måle seg med High/Voltage. Bandet leverer låtane med høg presisjon og stor innlevelse.

På scena finn du: Olav Sindre Kriken: vokal, Hans Robert Bondhus: gitar, Kåre Myklebust: gitar, Kenneth Busch: bass, Tore Aarseth Ørstavik: trommer.

Publikum får høyre låtar som Highway to Hell, Whole lotta Rosie, T.N.T og Let There be Rock og mange fleire.

Gjer dykk klar for eit forykandes show Trandal neppe har sett eller høyrt makan til!

" If you want blood, you've got it!"

Rocke-trubadur Siggen

Siggen har vore aktiv i det sunnmørske musikkliv i over 25 år, og har spelt i ei rekke band innanfor dei fleste genrer. Han har spelt i Dirty creek Band og Sivert Bjørdal Band, Rockabilly i Cool Cats, Rock i Zengana, og har dei siste 15 åra vore vokalist og gitarist i coverbandet Listen to the Band.

Denne mangslungne bakgrunnen kjem virkeleg til sin rett når Siggen står på scena med gitaren sin. Han har eit stort reportoire med låtar frå eit utall artistar, norske så vel som utenlandske. Det blir som oftast stor stemning og høglytt allsong der Siggen er. Er du sugen på ein rocka kveld, kom til Trandal!