Artistar

deLillos er:

Lars Lillo-Stenberg

Lars Lundevall

Lars Beckstrøm

Øystein Paasche

deLillos vart danna i Oslo i 1984. Gruppa blir rekna som ein av dei mest markante i norsk musikkliv frå 1980-talet og fram til i dag. Saman med Raga Rockers, DumDum Boys og Jokke & Valentinerne blir deLillos referert til som ein av dei fire store norske rockegruppene.


deLillos har i 30 år vore eit av landet sine viktigaste pop- og rockband, og dei har jevnleg levert kvalitet både tekstleg, musikalsk og kreativt. Dei har vore kompromisslause i sitt uttrykk og tru mot sitt univers, samtidig som dei har utfordra det kreative både når det kjem til format og innhald.

Bandet har vunne Spellemannprisen to gongar: for «Neste sommer fekk dei Spellemannprisen 1993 i klassa rock og for «Sent og tidlig» fekk dei Spellemannprisen 1995 i klassa gruppe. Bandet fekk også Gammleng-prisen i klassa pop i 1994. Bandet har i tillegg vore nominert til Spellemannprisen i klassa rock fire gongar: i 1987 for «Før var det morsomt med sne», i 1989 for «Hjernen er alene», i 1997 for «Stakkars» og 2000 for «Kast alle papirene», samt i klassa Popgruppe i 2010 for «Hjernen er alene i Operaen». I tillegg har dei vore nominert til Årets spellemann i 1994, årets låt for «Smak av honning» i 1995 og tidenes norske hit for «Neste sommer» i 2001.

Lars Lillo-Stenberg deltok i Hver gang vi møtes i 2014. Same haust gav deLillos ut albumet "Rett og slett livet" til strålande kritikkar. Albumet låg på 1. plass på iTunes og VG albumlista etter utgivelsen.

deLillos feira i 2015 30 årsjubileum som plateartist, med konsertar over det ganske land og avslutta med 10 dagers konsert i Oslo der dei like godt framførte alle sine 240 utgitte låtar live.

Sidan sommeren 2016 har bandet utgitt albuma “Peiling på seiling”, “La oss ble fri for all nostalgi" og «Sveve over byen med Kringkastingsorkesteret» som alle har blitt mottatt med strålande kritikkar.

I 2019 har deLillos gjort noko dei aldri har prøvd tidligare, med utgivelse av heile fire(!) singlar på digitale plattformer, samla på to vinylsinglar - «Se på et tre» og «Yoko». Som krona på verket gir bandet ut albumet «Dum som et menneske» i januar 2020, og planlegg å spele konsertar over heile landet i etterkant av dette!

deLillos Heimeside

deLillos på Facebook

deLillos på Instagram

deLillos på Spotify

deLillos på YouTube

Backstreet Girls

Etter albumslepp skal Backstreet Girls på turné utover hausten og vinteren, fram mot festivalsommaren 2020.

Backstreet Girls live er Bjørn Müller-vokal, Petter Baarli – gitar, den nye trommisen Frank Albin Tostrup samt Gaute Vaag på bass.

Backstreet Girls Heimeside

Backstreet Girls på Facebook

Backstreet Girls på Instagram

Backstreet Girls på Spotify

Backstreet Girls på YouTube

Farleg som vanleg

Backstreet Girls har ikkje akkurat levd eit normalt A4-liv sidan starten i 1984, noko alle som har sett dokumentarfilmen Tilbake til Muotathal veit det meste om. Derfor er det kanskje på sin plass at dei har kalt sitt nye album «Normal is Dangerous». Albumet inneheld 12 nye rockere (No ballads!!) og slepp laus fredag 13.september.

Innspelinga vart i hovudsak gjort på ei intens veke i Recpublica Studios, eit state-of-the-art studio i Polen, der BSG fekk frie tøylar og muligheit for 24-timars live-i-studio rock’n’roll saman med produsent Stamos Koliousis. Stamos har tidligare produsert ei lang rekke norske rock- og metalband, som Djerv, Fight the Fight, Iskald, Keep of Kalessin, Vreid, Carpathian Forest, Maraton og Virginia Hill. Kombinasjonen BSG/Stamos har saman skapt eit moderne, ope rock-sound basert på et knippe Petter Baarli-riff av beste merke, og vi våger å påstå at resultatet er blitt bandet sitt beste album på svært lenge.

revolt

Desse gutane spelar ikkje berre sofistikert melodisk rockemusikk, desse gutane er sofistikert melodisk rockemusikk.

Medlemmane i Revolt er framleis i tenåra, men dei høyrest allereie ut som erfarne stadionrockarar med sjølvtillit og ekte tru på eiga evne til å vere til stades. Med sin nye singel 'Shatterhand' bygger bandet vidare på debutalbumet, The Beautiful Decay, med ein forkjærleik for tidlause melodiar, store kor og moderne lydlandskap som grunnlag.

(Henta frå Facebook, Historie Revolt)

"De kom på scenen på Terminalen, og oppførte seg som om de spilte stadionkonsert med Foo Fighters. De har gode og fengende låter, voldsomt med energi og spilleglede, og en oppsiktsvekkende god vokalist" (Asbjørn Slettemark, henta frå Rbnett.no)

“Første gang jeg så disse unge herrene opptre live på konsert, ble jeg bokstavelig talt blåst bort. Jeg har aldri før sett et band med så unge medlemmer, vært så dyktige, dedikerte og spilt med en så særegenhet som de fem guttene i Revolt gjør. Disse guttene spiller ikke bare sofistikert melodisk rockemusikk, disse guttene er sofistikert melodisk rockemusikk.” (Terje Erstad, studioleder Ocean Sound Recording)

“Er dette den neste James Bond-låten?” [...] Det har blitt spekulert i om Norge skal få sin første Bond-låt siden A-ha hadde tittelsporet til «The Living Daylights» i 1987, med Molde-bandet Revolts rykende ferske singel Shatterhand. (Henta frå Gaffa.no)

“det fremadstormende Molde-bandet Revolt skal ha blitt observert i møter med «Bond»-crewet. “ (Henta frå Nettavisen)

Revolt på Facebook

Revolt på Instagram

Revolt på YouTube

Revolt på Spotify

MIGRAINE

MIGRAINE er eit prog-funk-jazz-metal band stifta i 2018 der voldafjorden endar og straumen elvstrid renn.

På evig jakt etter dei verst tenkjelege lydane, og dei ser ut deretter.

Dei gledar seg like mykje til Trandalrock som Trandalrock gledar seg til dei, altso, dei veit ikkje.

Listen to the band

Gard Austrheim: Vokal og gitar

Sigbjørn (Siggen) Follestad: Gitar og vokal

Bottolf Lødemel: Keyboards og vokal

Frode Sundnes: Trommer

Atle Braute: Bass og vokal

Rockelåtar frå tidleg 70-talet og fram til i dag, kjemisk fritt for midifiler og trommer på boks.

LttB er eit av dei mest aktive banda i Møre og Romsdal. Bandet har holdt koken utan opphald sidan slutten på nittitalet. Dette har dei klart takka vere genuin musikkinteresse, medgjerlege koner, godt venskap, jamn tilgang på jobbar, sunn økonomi, regelmessig øving, fergekort, dieselkort, EU - godkjent bandbuss, gode vinterdekk og ikkje for mykje, men heller ikkje for lite øl. Sa vi godt venskap? Det er i alle fall viktig.

Møre og Romsdal hadde vore ein stillare stad hadde det ikkje vore for Listen to the Band. Firkløveret er stadig å sjå på dei nordvestlandske scenene. Bandet er eit resultat av reindyrka, gnistrande og smittande speleglede frå første til siste akkord.

Om du berre tek turen for å koble av, nyte livet og høyre god musikk framført av musikarar som elskar det dei driv med, går du garantert ein god kveld i møte saman med Listen to the Band.

Listen to the Band på Facebook

Listen to the Band på YouTube

Loof

Loof på Trandalrock er:

Vokal/gitar - Jan Terje Eidset

Slagverk/kor - Marius Myklebust

Gitar/kor - Gard Austrheim

Bassgitar - Erik Moe

Loof er eit band som starta opp i hjarte av Sunnmøre ein kald vinterdag i 2017. Bandet består av godt erfarne musikarar med bakgrunn frå utallige musikalske konsept, nokre med røter heilt tilbake til 90-talet og fram til i dag, og rocken står som sjølve grunnfjellet for karane, som skildrar seg sjølve som å bli servert ei god gryte brennsnut; “-du blir jekla svett, og kjenne saltet sprengje i kjeften, og uansett kor mett du e so må du berre ha meir... Då e det råkkenråll”.

Loof spelar eigenproduserte låtar, med sjarm og entusiasme, og sin heilt særeigne sound.

Loof [lu:f] betyr mange ting, og kan vere både ei handflate, ei slagside på eit skip eller ei retningsendring. Det kan også vere noko kaldt og distansert. Og viss ein les det baklengs kan det få ei heilt ny betydning ;-) Men kva det betyr for bandet er likevel ei hemmeligheit ein berre får svar på gjennom musikken deira.

Loof på Facebook

Loof på Instagram

Rocke-trubadur Siggen & Gard

Siggen og Gard frå LttB spelar variert rockbasert musikk frå dei siste 62 åra.

Gard er til vanlig vokalist i Listen to the Band, Pöck, Trio De Lid, og spelar også gitar der det måtte passe seg slik.

Siggen har vore vokslist og gitarist i LttB, samt omreisende taskenspiller på egenhånd dei siste 20 åra, og har no lagt det meste av synginga på hylla, og opptrer som gitarspelande støttekontakt der det måtte trengast…

Fredag 10 Juni vert disse to herrane å treffe på Trandal, der dei vil spre glede, og god stemning.

AKustisk Rocke-mix TBA